Samferdselsdepartementet har i år delt ut fire millionar kroner i støtte til lokale trafikktryggleikstiltak. I år går støtta spesielt til haldningsskapande og trafikantretta arbeid. Tiltaka 18pluss/Trafoen i Kristiansand som Vest-Agder fylkeskommune er eier av i er tildelt ein halv million kroner.

– Lokalt arbeid er avgjerande i innsatsen for færre drepne og hardt skadde i trafikken. Difor gir Samferdselsdepartementet støtte til slikt arbeid, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.


Samferdselsdepartementet si tilskotsordning for lokale trafikktryggleikstiltak skal bidra til å styrkja lokalt trafikktryggleiksarbeid i regi av kommunar, frivillige organisasjonar, interessegrupper og andre lokale aktørar.

– Tilskotsordninga er ein del av regjeringa si breie satsing på trafikktryggleik. Satsinga tek i bruk eit breitt spekter av tiltak, både fysiske tiltak på vegnettet, tiltak som kan påverke trafikantanes åtferd, og tiltak retta mot køyretøy. For å redusere talet på drepne eller hardt skadt i trafikken er det viktig å jobbe samen, og lokale initiativ er eit viktig bidrag, seiar Dale.

"Trafoen og 18pluss" er tildelt 500 000 kroner til oppføring av ny tryggleikshall for å auka besøkskapasiteten. "Trafoen og 18pluss" er to  trafikktryggleikstiltak i Kristiansand som er finansiert av Statens vegvesen, Vest-Agder fylkeskommune og Kristiansand kommune, Tiltaka er retta mot ungdom som skal ta førarkort for bil. Deltakarane går gjennom ulike rom der dei gjennom filmar opplever ein trafikkulukke på nært hald, med påfølgande debrifing og undervising. Tiltaka har som målsetjing å påverke medvitet til elevane og haldning til risiko, og auka forståinga for årsaka til og konsekvensane av trafikkulukker.

Trafoen vert brukt  hovudsakeleg til unge mellom 15 og 25 år. Skolar, opplæringskontor og trafikkskolar er faste brukare av Trafoen.

18pluss er eit gratis kurs for ungdom i Agder som er mellom 18 og 25 år og har sertifikat klasse B.

 

 

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 24. september 2018 | Skriv ut siden

opp så det fremgår at det handler om tiltak og ikke prosjekter og at VAF er eier.

Siste fra Samferdsel

  • Trafikkskilt 131218
    av jto, 17.12.18

    Bør skiltmyndighet for fylkesvei overføres til fylkeskommunene?

    Les mer
  • Avtalesignering For Adkomstvei Til Mjåvann Industriområde
    av jto, 14.12.18

    Avtale om ny adkomstvei til Mjåvann industriområde er nå på plass

    Les mer
  • Jernbanemaster
    av jto, 13.12.18

    Hægebostad opptatt av bedret kollektivtransporttilbud i ny avtale med fylkeskommunen

    Les mer