Samferdselsdepartementet har nå lagt fram forslag om å forlengja bompengeordninga i samferdselspakke for Kristiansandsregionen med inntil to år. Forslaget er utarbeidd etter initiativ frå lokale styresmakter, melder departementet i ei pressemelding.

Samferdselspakke for Kristiansandsregionen, fase 1 vart vedteken av Stortinget i 2009.  Etter prognosen vil pakken vera nedbetalt i 2018.  Etter initiativ frå lokale styresmakter er det utarbeidd forslag om å forlengja innkrevinga med inntil to år (til tidleg i 2020) eller til innkrevinga eventuelt vert avløyst av ein ny bompengepakke for Kristiansandsregionen. 

Forlenga innkreving av bompengar er venta å gje midlar til å gjennomføra prosjekt og tiltak for om lag 400 millionar kroner. Midlane vil mellom anna gå til planlegging og prosjektering av E39 på strekninga Gartnerløkka – Kolsdalen i Kristiansand, men òg til innløysing av bustader langs regulerte strekningar på E39. Vidare vil ombygging av Håneskrysset på E18 til eit fullstendig toplanskryss vera eit prioritert tiltak.

Det er òg lagt til grunn at midlar skal gå til sykkel- og kollektivtrafikktiltak. Summen av prosjekt og tiltak må likevel tilpassast økonomisk rammer. 

Prop. 134 S (2016-2017) Samferdsespakke for Kristiansandsregionen i Vest-Agder, fase 1 - forlenging av bompengeordninga

av Torkelsen, Jan H., publisert 15. mai 2017 | Skriv ut siden

Siste fra Samferdsel

  • Kenneth Andresen Ved Bussanlegget Paa Dalane
    av jto, 15.11.17

    Kransen på plass på bussanlegget på Dalane i Kristiansand

    Les mer
  • Buss SVV
    av elma11, 15.11.17

    Nytt kjøremønster ved Kvartal 42 i Kristiansand

    Les mer
  • Bybrua I Flekkefjord
    av jto, 09.11.17

    Omfattende arbeid med vedlikehold og utskifting av bruer i Vest-Agder

    Les mer