Det er utarbeida eit forslag til handlingsprogram for Regionalplan for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei, kalla Heiplanen, for perioden 2020 – 2024. Handlingsprogrammet skal på ei høyring før det blir endeleg godkjend av fylkestinga. Fylkesutvalget vedtok tirsdag at det vert sendt på høyring med høyringsfrist 15. oktober.

Regionalplan for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei blei endeleg vedtatt og godkjend i fylkestinga i Rogaland, Hordaland, Vest-Agder, Aust-Agder og Telemark våren 2012. Planområdet omfattar 18 kommunar og fem fylkeskommunar. Frå 1. januar 2020 fire fylkeskommunar. I Vest-Agder er kommunane Sirdal, Kvinesdal, Hægebostad og Åseral med i planen. Desse heiane er eit av ni prioriterte villreinfjell i Noreg. Intensjonen med planen er å ivareta samanhengande leveområde for villreinen samstundes som kommunane legg til rette for samfunns- og næringsutvikling i kommuneplanane.

Forslag til handlingsprogram 2020 – 2024 har dei same satsingsområda unntatt Varslingsrutiner, som i handlingsprogrammet 2015 – 2018. Satsingsområdet Varslingsrutiner er tatt ut sidan det er ein del av forsøket med adaptiv løypeforvalting i Bykle kommune. Satsingsområda er forankra i Heiplanen.

Dette er satsingsområda:  
- Heilskapleg arealforvalting
- Kommunal planoppfølging
- Bygde- og næringsutvikling
- Kunnskapsbasert planlegging og prosjekt

Forslaget til handlingsprogram er konkretisert med forslag til tiltak, økonomi og kven som har ansvaret for å setja i  gong tiltaka under kvart av satsingsområda. Fleire av tiltaka er tenkt som samarbeidsprosjekt og forprosjekt. 

av Torkelsen, Jan H., publisert 5. september 2019 | Skriv ut siden