- Flaskehalsar, til dømes i form av bruer som ikkje toler dei tyngste tømmervogntoga, gjer transport av tømmer langs smale vegar i Noreg tungvint. Derfor fordeler vi no 25 millionar kroner til å utbetre fylkesvegar med mykje tømmertransport. Utbetring av flaskehalsane vil styrke konkurransekrafta i skog- og trenæringa gjennom lågare transportkostnadar, gi færre lastebilar på vegane og betre miljø, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Bland dei som får midlar er to bruer i Marnardal.

Departementet har tildele 1,4 millionar kroner til utbedring av Homme bru på fylkesveg 455  ved Høydalsmo  og 20 000 kronar til slikt arbeid på Skaue bru på samme fylkesveg  ved Øyslebø. Begge bruene er i Marnardal kommune.

Det er lagt opp til å finansiere forsterking av mindre bruer slik at desse toler 60 tonn totalvekt. Pengane vert fordelt etter forslag frå Statens vegvesen som har fått innspel frå skognæringa. Tre av bruene som skal bli forsterka, Steinsbrua i Østfold, Skaue bru i Vest-Agder og Resa bru i Trøndelag, er blant dei største flaskehalsane for tømmertransporten.

Noregs skogeigarforbund anslår at utbetringane vil kunne gi årlege innsparingar for tømmertransporten på om lag 4 millionar kroner. Tal frå Landbruksdirektoratet visar at det vart selt 10.95 millionar kubikkmeter tømmer til industrien i 2018. Avverkinga i 2018 er den høgaste som nokon gong er registret i Noreg.

av Torkelsen, Jan H., publisert 26. mars 2019 | Skriv ut siden

Siste fra Samferdsel

  • Stortingsbygget - Utsnitt
    av jto, 24.06.19

    90 belønningsmillioner til kristiansandsregionen

    Les mer
  • E39 Skilt
    av jto, 20.06.19

    Støtter bompengeopplegg for ny E39 mellom Lyngdal og Ålgård

    Les mer
  • Holdeplass Ved UiA
    av jto, 17.06.19

    Mye positivt i årsrapporten for 2018 fra Areal- og transportplansamarbeidet i Kristiansandsregionen

    Les mer