Agder folkemusikkarkiv er ein interkommunal institusjon, eigd av Aust- og Vest-Agder fylkeskommunar - oppretta i 1997. Folkemusikkarkivet samlar kjeldemateriale (lydopptak, foto, film, dokument mm), og tek opp digitale lyd- og filmopptak av folkemusikk og - dans. I tillegg til formidling innan feltet. Da hovedutvalg for kultur og utdanning i dag handsama årsberetninga for 2018 viste den stor verksemd i 2018 som var eit jubileumsår for arkivet

Agder Folkemusikkarkiv var 20 år i 2018, og markerte dette med å framføre bestillingsverk for symfoniorkester. Dei unge folkemusikarane Guro Kvifte Nesheim (hardingfele), Johanne Flottorp (hardingfele) og Åsmund L. Solberg (gitar) deltok i samspel med Kristiansand symfoniorkester på to konsertar. I Kristiansand 17.august («KSO på Torvet») og i Arendal 18.august. (Store Torungen, avslutning av Arendalsuka). På torget i Kristiansand møtte det opp cirka 2500 og i Arendal rundt700. Bestillingsverket vart høyrd av 3200 tilhøyrarar!

Agder Folkemusikkarkiv leiger lokale på Setesdalsmuseet, Rysstad i Valle kommune. Det har vore jamn vekst av private kjeldemateriale til samlingane. "Kundene" som oppsøker arkivet er utøvarar, men og studentar, komponistar, museum, forfattarar/journalistar og plateselskap. Dei to store innsamlingsarbeida er kopiering av lydband frå NRK-Sør sitt arkiv og videosamling frå Gjermund Hoslemo.

Årsrapporten viser god aktivitet. Dei tilsette fangar opp det som skjer på folkemusikkfronten i Agder. Dei er til stades på arrangement, er med på nye produksjonar med tradisjonsmusikk og sikrar lagring av opptak og samlingar som ligg lagra andre plassar. Nå er samlinga på folkemusikkarkivet såpass stor at den er meir enn interessant for forskarar, studentar og andre fagfolk, regionalt og nasjonalt.

av Torkelsen, Jan H., publisert 28. august 2019 | Skriv ut siden