Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal sjå nærare på vidaregåande opplæring. Utvalet skal blant anna vurdere om strukturen og innhaldet i vidaregåande opplæring gir elevane dei beste føresetnadane for å lære og fullføre vidaregåande. Gruppa skal også sjå på om opplæringa gir elevane kompetansen dei treng for å delta i samfunnet.

 

– Samfunnet er i stadig endring, men hovudinnretninga på vidaregåande skole har vore den same sidan OL på Lillehammer. Vi har nokre vedvarande utfordringar i heile denne perioden, til dømes er det tre av ti som ikkje fullfører. Difor vil vi no ha ein gjennomgang av heile tilbodet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. 

 

Utvalet som skal sjå på vidaregåande opplæring blei sett ned i statsråd fredag 1. september. 

 

– Det er mykje bra med dagens vidaregåande opplæring, men vi vil gjere ho enda betre. Vidaregåande opplæring skal ruste elevane til høgare utdanning og arbeidslivet, og ikkje minst skal opplæringa fremme lærelyst og trivsel for elevane, seier Røe Isaksen. 

 

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 4. september 2017 | Skriv ut siden