- Brukarane av trafikkstasjonane skal ha eit godt og tilgjengeleg tenestetilbod i heile Noreg. Nedlegging og endring i tenestetilbod på trafikkstasjonane skal stillast i ro inntil vidare, seier Liv Signe Navarsete. - Eg ber no Statens vegvesen om å kome med ein samla plan som syner korleis vidare omorganisering kan skje samtidig som ein tek vare på behova til brukarane, seier hun i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.

Stortinget har vedteke at Statens vegvesen skulle omorganiserast frå 1. januar 2003. Målet var mellom anna effektivisering av den samla ressursbruken. Bruk av tenester på Internett, ambulerande sensorar og samarbeid med andre offentlege verksemder skulle vere med på å sikre at tilbodet til brukarane ved trafikkstasjonane ikkje blei svekt.
- Nokre av nedleggingane og endringane i tenestetilboda ved trafikkstasjonane har til no vore problematiske, mellom anna fordi dei alternative tilboda enno ikkje er i drift eller er tekne nok i bruk. Eg vil no at Vegdirektoratet greier ut kva for konsekvensar vidare omlegging av tenestetilbodet vil få for trafikktryggleik, tilgjenge og service for brukarane, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

av Torkelsen, Jan, publisert 21. november 2005 | Skriv ut siden