Vedtaket i Vestlandsrådet har følgende ordlyd:

Vestlandsrådet meiner at utgreiinga ”Vestlandsregion eller vidare samarbeid” og høyringsuttalane er eit godt fundament for vidare arbeid med å utvikle sterke regionar.

Vestlandsrådet vil med utgangspunkt i utgreiinga og ved å vise til Soria Moria erklæringa til regjeringa om Lokalsamfunn og regionalsamfunn, arbeide aktivt andsynes sentrale styresmakter med sikte på reell desentralisering av statlege oppgåver og myndigheit til nye sterke folkevalde regionar.

Vestlandsrådet legg til grunn at det ikkje lenger er grunnlag for å arbeide vidare med andre modellar som alternativ til sterke folkevalde regionar.

Vestlandsrådet legg til grunn at sterke direkte folkevalde regionar skal vere etablerte seinast 1. januar 2010.

av Torkelsen, Jan, publisert 30. november 2005 | Skriv ut siden