Regjeringa gir 548,6 millionar kroner til fylkeskommunar med kommunar som har fått auka arbeidsgjevaravgift i høve til nivået før 2004. Det er meget stor variasjon i hva den enkelte fylkeskommune mottar. Mens Vest-Agder tilgodeses med 2,8 millioner kroner får Troms med hele 199,9 millioner kroner. Ordninga med ulik arbeidsgjevaravgift vart stansa i 2004 etter krav frå EUs overvakningsorgan ESA, fordi den vart oppfatta som diskriminerande. I 2007 fekk regjeringa godkjend gjeninnføring av ordninga, men med endringar - nokre distrikt fekk høgare arbeidsgjevaravgift enn før 2004. Dette lova regjeringa å kompensera for.

-Eg er kjend med at det sidan ordninga vart innført i 2004 har vore eit tett samarbeid mellom fylkeskommunane og næringslivet, noko som er særleg viktig i dette arbeidet, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. Desse midlane skal bidra til utvikling av næringslivet og gje arbeidsplassar i desse fylka.

Kommunal- og regionalministeren viser og til ei evaluering av NIBR som såg på effektane av korleis fylkeskommunane nyttar dei regionale midlane som staten overfører kvart år. - Denne evalueringa syner at fylkeskommunane gjer eit viktig arbeid innan distrikts- og regionalpolitikken. Dei fylgjer lojalt opp måla til regjeringa og utnyttar regional kunnskap til beste for fylka sine, seier Kleppa.

av Torkelsen, Jan H., publisert 27. mars 2009 | Skriv ut siden