-I utveljinga er det lagt vekt på variasjon i storleik, geografi, sentralitet, politisk samansetning i Magnhild Meltveit Kleppa statsrådkommunestyret og variasjon i alderssamansetninga. Saman med dette har vi lagt vekt på korleis kommunen i søknaden seier at dei vil trekkja ungdom med i politisk arbeid. Til saman vert dette eit forsøk som omfattar ulike typar kommunar i heile landet, seier Kleppa.

Forsøket vil verta grundig evaluert. Eit forskingsmiljø vil etter konkurranse bli vald ut til å følgja forsøket frå oppstarten i 2010. Våren 2010 vil det bli ei samling for mellom anna kommunane og forskarane. Dei 20 kommunane får i løpet av hausten meir informasjon om korleis forsøket vert lagt opp.

av admin, publisert 15. oktober 2009 | Skriv ut siden