Møre og Romsdal fylke har sidan 2004 etter lov om forsøk i offentlig forvaltning vore organisert som eit einskapsfylke. Dette inneber at dei tilsette i fylkeskommunen og fylkesmannsembete har vore integrerte i eit regionalt organ under felles leiing av fylkesdirektøren. Noverande forsøk tek slutt ved utgangen av 2009.

Magnhild Meltveit Kleppa, SP
Magnhild Meltveit Kleppa, SP
Møre og Romsdal har søkt om å starta eit nytt forsøk med einskapsfylke frå 2010. Søknaden gjeld òg overføring av styringsoppgåver innan mellom anna landbruk, miljø og samferdsel. I avslaget har departementet lagt vekt på at forsøkslova ikkje gir heimel for forsøksverksemd utover seks år. Statsråden viser til at ein no skal hausta erfaring med forvaltningsreforma som vert iverksett frå 1. januar 2010.

- Sjølv om Møre og Romsdal frå 2010 skal organiserast som dei andre fylka i landet, vonar eg at både dei fylkeskommunale og statlege tilsette i fylket byggjer vidare på dei gode erfaringane som einskapsfylket har ført med seg, innanfor rammene som forvaltningsreforma medfører, seier Kleppa.

av Torkelsen, Jan H., publisert 22. oktober 2009 | Skriv ut siden