I 2010 startar ei satsing for å styrka kommunane sitt arbeid med å bygga attraktive lokalsamfunn. Regjeringa løyver 30 millionar kr for å styrka kommunane sitt arbeid med lokal samfunnsutvikling. Kommunal- og regionaldepartementet inviterer no fylkeskommunane til å utvikla og planlegga arbeidet i samarbeid med departementet. Satsinga får namnet Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK). - Dette arbeidet skal vera med og gjera kommunane enda betre til å planlegga, mobilisera, samarbeida og gjennomføra utviklingsprosjekt, for på det viset å utvikla meir attraktive lokalsamfunn, seier Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.

av Torkelsen, Jan H., publisert 14. oktober 2009 | Skriv ut siden

Error loading MacroEngine script (file: ~/macroscripts/heltblank/content/right.cshtml)