Samferdselsdepartementet har 3. desember 2009 fastsett forskrifta som skal gjelde frå 1. januar 2010. Forskrifta gjeld for bussar som er innkjøpte etter denne datoen. Krav om at bussane skal ha mellom anna høgtalar, elektronisk tavle og utstyr for automatisk varsling av haldeplassar, er òg ein del av den nye forskrifta.

Erik Lahnstein
Erik Lahnstein
- Den nye forskrifta er med på å gjera kollektivtransporten meir tilgjengeleg for alle. I tillegg til forskrifter og krav om utforming av bussar, tog, sporvogner, T-bane, ferjer og rutebilar, kjem arbeidet med å gjera haldeplassar, stasjonar og knutepunkt for kollektivtransporten meir tilgjengeleg. Dette er eitt viktig steg i den store og gradvise omlegginga til eit meir tilgjengeleg transportsystem, seier statssekretær Erik Lahnstein i Samferdselsdepartementet.

Reglane i forskrifta skal elles gjerast gjeldande for drosjer – i dei tilfella der det i utlysinga av drosjeløyvet er teke inn krav for transport av personar med nedsett funksjonsevne. Dette omfattar både bilar som køyrer innanfor rammene av eit vanleg drosjeløyve og bilar med såkalla ”utvida drosjeløyve”.

For fleire opplysningar – sjå:

Forskrift om universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport mv. fastsett av Samferdselsdepartementet 3. desember 2009 (pdf)

av admin, publisert 8. desember 2009 | Skriv ut siden

Siste fra Samferdsel

  • Bilde Ts Konferanse 2019
    av elma11, 22.09.18

    Trafikksikkerhetskonferansen 2019

    Les mer
  • Taxilampe.jpg
    av evas3, 11.09.18

    Ledig drosjeløyve i Lyngdal kommune

    Les mer
  • FU I Møte 040918
    av jto, 04.09.18

    Fylkesutvalget forslår utsettelse av sak om bompengeordning for Kristiansandsregionen

    Les mer