18 fylkeskommunar har teke imot invitasjonen frå Kommunal- og regionaldepartementet og får ein million kroner kvar til å delta i satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane. Fleire kommunar er alt i gang med å utvikle satsinga, saman med fylkeskommunane. -Fylkeskommunane har teke ballen. I fleire fylke jobbar kommunar og fylkeskommunen alt no med å utvikle samarbeidet. Vi ser at fleire tek grep for å skaffe seg betre oversikt over pågåande utviklingstiltak og ekspertise til å støtte kommunane i arbeid med lokal samfunnsutvikling. Dette vil vi ha enda meir av, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Måla for satsinga er at fleire kommunar blir sterke utviklingsaktørar som jobbar kontinuerleg med å utvikle attraktive lokalsamfunn. Ho skal styrke samarbeid mellom kommunar, og mellom kommunar og fylkeskommunar.

Fylkeskommunane jobbar saman med kommunane i satsinga, men på forskjellige måtar.

Fylkeskommunar og kommunar kan hausten 2010 søke saman om ytterlegare tilskot til satsinga på bakgrunn av ein langsiktig plan.

av Torkelsen, Jan H., publisert 24. mars 2010 | Skriv ut siden

Siste fra Kultur

  • Nordberg Fort Hovedbygg
    av jto, 05.04.19

    Ny avtale om drift av Nordberg fort i Farsund

    Les mer
  • VAM
    av jto, 03.04.19

    Vil bidra til å sikre museumsgjenstander

    Les mer
  • Timenes Og Østensen
    av jto, 03.04.19

    Årets "spillemiddelutvalg" er nå oppnevnt

    Les mer