Regjeringa gir 108,6 millionar kroner til fylkeskommunane for å sikre utbygging av breiband med god kapasitet. Av disse går 2,4 millionar kroner til Vest-Agder fylkeskommune. - Utbygging av breiband er viktig for at regjeringa skal nå sitt mål om at folk skal kunne busetje seg der dei sjølve ønskjer. Om lag 5000 innbyggjarar i landet har ikkje tilbod om breiband i dag og det er mange stader behov for ”breiare” breiband. Breiband er heilt avgjerande for å møte framtidige behov innan skole, helse, næringsliv, og i heimane i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Navarsete syner til ein rapport frå Nexia som seier at utbygging av superbreiband i distriktsområde gir gevinstar sjølv kort tid etter utbygging. - Betre og raskare breiband er naudsynt for at bedrifter skal kunne etablere seg eller utvikle seg i alle delar av landet, difor bidreg regjeringa til utbygging av breiband, fortset Navarsete.

Område som ikkje har tilbod om breiband vil bli prioritert i 2010, men i mange fylke vil og midlane bli nytta til å auke kapasiteten på nettet. I fylke der ein har oppnådd full breibandsdekning med god nok kapasitet, kan fylka nytte midlane til annan infrastruktur og næringstiltak etter avtale med Kommunal- og regionaldepartementet.


av Torkelsen, Jan H., publisert 29. april 2010 | Skriv ut siden