-Fylkesveg 45 gjennom Gjesdal og Sirdal er blitt stadig viktigare for næringsutvikling, reiseliv og friluftsliv i området. Arbeidet med å utbetra vegen bør difor vidareførast. Særleg er det viktig med utbygging på strekningar som framleis er smale og svingete, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. I sist statsråd vart det lagt fram eit forslag om nytt og utvida opplegg for utbygging og finansiering av fylkesveg 45 i Gjesdal kommune i Rogaland og Sirdal kommune i Vest-Agder.

Utbygginga på fylkesveg 45 er frå og med 2010 finansiert ved ein kombinasjon av fylkeskommunale midlar og bompengar. Ordninga med innkrevjing av bompengar vart sett i verk i 2004.
Forslaget frå regjeringa er i tråd med vedtak og avklaringar på fylkeskommunalt og kommunalt hald. Det fører mellom anna til at bompengeopplegget skal utvidast med åtte nye år, i tillegg til tidlegare vedteken bompengeperiode på 12 år.
Den vidare utbygginga av vegen omfattar ei rekkje utbetringar i Gjesdal kommune. For vegen gjennom Sirdal kommune er det lagt opp til ombygging av kryss ved Sinnes og bygging av gang- og sykkelveg mot Tjørhomfjellet.
Det er lagt til grunn ei samla økonomisk ramme på 212 millionar 2010-kroner for perioden 2010-2024.

av Torkelsen, Jan H., publisert 12. mai 2010 | Skriv ut siden

Siste fra Samferdsel

  • Taxi Skilt
    av jto, 15.04.19

    Endringar i regelverket for drosjer

    Les mer
  • El -bil Lading Skilt
    av jto, 12.04.19

    Vil ha plan for flere ladestasjoner for elbusser i Kristiansandsområdet

    Les mer
  • Stortingsbygget - Utsnitt
    av jto, 09.04.19

    Forsinket saksbehandling i Stortinget medfører justering i bompengeinnkreving

    Les mer