NIVI Analyse har kartlagt i kva omfang fylkeskommunane overlet til selskap, som ikkje er heloffentleg eigde, å forvalte distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel. Kommunal- og regionaldepartementet vurderer no om regelverket skal endrast. Departementet vil legge fram si tilråding i det komande statsbudsjettet.

Fylkeskommunane har hovudansvaret for å forvalte midlar til regional utvikling, men kan gje ansvaret vidare til andre aktørar. Det er i dag ikkje lov å delegere forvaltinga til andre enn selskap som er 100 prosent offentleg eigde. KRD er likevel kjent med at nokre fylkeskommunar har gjort dette. NIVI Analyse har kartlagt omfanget og vurdert konsekvensane av slik praksis. NIVI Analyse har også skissert moglege alternative forvaltningsmodellar.

Blant funna i rapporten til NIVI Analyse går det fram at 12 av 19 fylkeskommunar oppgir at dei kun delegerer til offentlege heileigde verksemder.

Rapporten Delegering av forvaltningsmyndighet for regionale utviklingsmidler


av Torkelsen, Jan H., publisert 20. september 2010 | Skriv ut siden