Fylkestinget i Vest-Agder vedtok 15. juni 2010 at fylkeskommunen ønskjer samanslåing av dei to Agder-fylka, men fylkestinget ønskjer ikkje folkerøysting om spørsmålet. Same dag vedtok Aust-Agder fylkesting at dei vil tilrå samanslåing av dei to Agderfylka, men vedtok samstundes å leggje saka ut til folkerøysting i samband med kommune- og fylkestingsvalet i 2011.

Dei to fylkeskommunane har skissert følgjande framdriftsplan for arbeidet med samanslåing:

-2010: Førebuing til folkerøysting i samband med fylkestingsvalet 2011Vest- og Aust-Agders vimpler
-Haust 2011: Fylkestingsval og folkerøysting
-Haust 2011/vår 2012: Fylkeskommunane søkjer om at departementet greier ut samanslåing
-Vår 2012/haust 2012: Departemental utgreiing – kontakt regionalt
-Haust 2012/vår 2013: Stortinget tek stilling til saka

Dersom Stortinget vedtek samanslåing:
-Haust 2012/vår 2013: Nominasjonsprosessen til ny Agder fylkeskommune
-Haust 2012/vår 2013: Oppretting av felles nemnd for førebuing
-Haust 2013: Fylkestingsval for ei periode på to år til nye Agder fylkeskommune (samstundes med Stortingsvalet)
-Årsskifte 2013/2014: Samanslåing gjennomført


av Torkelsen, Jan H., publisert 4. november 2010 | Skriv ut siden