Lister Nyskaping får tilbod om å delta i det nye næringshageprogrammet frå 1. juli 2011, skriver Kommunal- og regionaldepartementet i ei pressemelding. -Dette har Vest-Agder fylkeskommune og SIVA bestemt. Næringshageprogrammet er viktig fordi vi har tru på at samlokalising av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø kan stimulere til kreativitet og pågangsmot. Evalueringar har synt at dette er utviklande for dei etablerte bedriftene, men vi har og sett mange eksempel på at det ut av slike miljø veks nye idear og nye bedrifter, seier statssekretær Hege Solbakken.

Lister Nyskaping er eit resultat av ein fusjon mellom Signaler Næringshage - Flekkefjord, Sørlandets Industrisenter - Farsund og Lygna Næringshage. Målet med denne fusjonen var å skape eit meir kraftfullt fokus mot nyskaping og knoppskyting i regionen. Det er i dag eit regionalt utviklingsselskap med to næringshagenodar, Signaler og Lygna. Totalt er det 21 målbedrifter i Lister Nyskaping, som skal medverke til vekst og utvikling i næringslivet i regionen innafor hovudsatsingsområda industri, energi og forretningsmessig tenesteyting.

Hovudmål for det nye programmet skal vere auka verdiskaping, og det blir lagt vekt på nyskaping og innovasjon. Samlokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø skaper auka verdiskaping, meirverdi, konkurransekraft og innovasjonar. Næringshagane bidreg til å trekkje til seg og rekruttere dyktige medarbeidarar til næringslivet i regionen.

- Eg er svært nøgd med at det nye programmet no er kome i gang og ser positivt på det tette samarbeidet mellom fylkeskommunane og SIVA i gjennomføringa av programmet, seier statssekretæren.


av Torkelsen, Jan H., publisert 29. juni 2011 | Skriv ut siden