I ei undersøking frå Kunnskapsdepartementet og GNIST har tidlegare lærarar blitt spurt om kva som skal til for at dei vender tilbake til yrket. På spørsmål om kva som skal til for å ta opp yrket att, svarde dei tidlegare lærarane at dei ønskte mindre totalbelastning, mindre klassar, meir tid til den einskilde eleven og betre mogelegheit for fagleg utvikling.

Når dei blei spurde om kvifor dei ein gong valde læraryrket, svarde dei blant anna at dei ønskte å jobbe med barn og unge og ha ein meiningsfull jobb.

- Vi ønskjer at tidlegare lærarar skal kome tilbake til skulen. Denne gruppa er ein verdifull ressurs

Statsråd Kristin Halvorsen
Statsråd Kristin Halvorsen
som norsk skule treng. Mange av endringane som dei etterlyser har vi gjort noko med. Til no har 1000 rektorar og lærarar gjennomført rektorutdanninga, og nyutdanna lærarar får tilbod om rettleiing. Vi har også sendt eit forslag om nasjonal norm om lærartettleik i grunnskulen på høyring, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Lenkje til rapporten frå TNS Gallup


av admin, publisert 14. desember 2011 | Skriv ut siden

Siste fra Utdanning

  • Skolefrokost
    av jto, 25.04.19

    Elever i videregående skoler i Vest-Agder skal tilbys skolefrokost

    Les mer
  • Skolemotiv
    av jto, 12.03.19

    Fylkesutvalget anbefaler støtte til prosjekt for frilufts-skolefritidsordning i Hægebostad

    Les mer
  • Eilert Sundt Vgs Skisseprosjekt Rambøll
    av jto, 13.02.19

    Grønt lys for skolebyggprosjekt i Farsund

    Les mer