- Meir bruk av midtrekkverk på vegar vil føra til enda tryggare trafikk. Eg har difor bede Vegdirektoratet om å senda på høyring eit forslag om endringar i retningslinene for bruk av midtrekkverk, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding. I forslaget er det lagt opp til at ein skal ha midtrekkverk der trafikken i eit ”gjennomsnittsdøgn” er meir enn 6000 køyretøy. Etter dagens retningsliner er grensa sett ved ein såkalla ”årsdøgntrafikk” ( ÅDT) på 8000 køyretøy.

I gjeldande retningsliner er det eit krav om at det normalt skal vera minst 12,5 meter vegbreidd for at ein kan setja opp midtrekkverk. Det blir no lagt opp til at ein på eksisterande veg kan setja opp slikt rekkverk på vegar med breidd ned til 10 meter, etter særskild vurdering og når ulukkessituasjonen tilseier det.

Endringane legg dessutan opp til at ein somme stader kan bruka smale rekkverkstypar, til dømes wire, der dette er ei tenleg løysing. Erfaringar frå Noreg og Sverige viser at wire-rekkverk kan føra til færre ulykker for alle typar av køyretøy, også for motorsyklar.

- Bruk av midtrekkverk er eitt av mange tiltak for tryggare vegtrafikk. Skal vi føra vidare utviklinga

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (SP)
Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (SP)
med færre drepne og hardt skadde, må vi nytta tiltak over eit vidt felt. Det vil også seia mellom anna utbetringar eller bygging av heilt ny veg på ulukkesutsette strekningar. Rassikring, kontroll av køyretøy og trafikantar, utvikling og handheving av regelverk, tiltak mot ruspåverka køyring og høg fart, informasjon og opplæring er elles med på å få ned ulukkestala, seier samferdselsministeren.


av Torkelsen, Jan H., publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden