Samferdselsdepartementet har sendt  på høyring eit forslag om endringar i yrkestransportlova. Fleire av forslaga i høyringa gjeld endringar som følgje av den såkalla drosjejukssaka i Oslo tidlegare på 2000-talet. -Styresmaktene får no eit betre grunnlag for å følgja opp drosjenæringa. For å sikra eit godt transporttilbod i distrikta, foreslår vi òg einskilde fritak for distriktsdrosjar og frivilligsentralar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Høyringa inneheld fleire forslag som vil medføra betre kontroll og oppfølging med etterleving av yrkestransportregelverket.

av Torkelsen, Jan H., publisert 13. februar 2012 | Skriv ut siden