Kommunal- og regionaldepartementet aukar løyvinga til Ungt Entreprenørskap med to millionar kroner i 2012. Sidan 2005 har UE  fått ei auke på vel 10 millionar kroner frå KRD, frå 2,5 millionar i 2005 til 13 millionar kroner no i 2012. - Eg er oppteken av at det er eit rikt mangfald av arbeidsplassar over heile landet. Difor treng me mange fleire med pågangsmot og stå-på-vilje som vel å starte sine eigne bedrifter. Eg er imponert over engasjementet, kreativiteten og motet som UE er med å utløyse hos unge skaparar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

KRD og Nærings- og handelsdepartementet løyver til saman 25 millionar kroner til UE i 2012.
UE er ein fri og uavhengig organisasjon som arbeider aktivt saman med skuler og utdanningsinstitusjonar. Organisasjonen bidrar til at alle elevar og studentar får eit tilbod om opplæring i entreprenørskap. Dei er representert i heile landet og tilbyr aktivitetar på alle utdanningstrinn frå grunnskulen til høgare utdanning. I 2011 deltok meir enn 150 000 elevar og studentar i ulike aktivitetar i regi av UE. På over halvparten av alle vidaregåande skuler var det tilbod om ungdomsbedrift. Programma til UE blir gjennomført i samarbeid med lokalt næringsliv.

av Torkelsen, Jan H., publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden