- Regjeringa sitt mål er å fortsetja opptrappinga på veg, bane og kollektivtransport i langt større tempo og omfang enn før 2006. Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket og Avinor AS i dag har lagt fram forslag til Nasjonal transportplan 2014-2023. Planforslaget går no på høyring til fylkeskommunane og storbyområda, med høyringsfrist 29. juni i år. - Eg ønskjer ein open prosess og eit friskt ordskifte og oppmodar alle interesserte til å seia si meining, seier samferdselsministeren.

- Planforslaget handlar om store prosjekt og tiltak - og om store beløp, same kva for økonomisk ramme regjeringa kjem til å velja. Vi vil ha eit transportsystem som er trygt, miljøvenleg, universelt utforma - og som gir utvikling og vekst i heile landet, seier samferdselsministeren.

Dette er fagetatane sitt forslag. No byrjar den politiske prosessen for alvor. Nasjonal transportplan 2014-2023 skal leggjast fram for Stortinget våren 2013.

Forslaget saman med meir informasjon finn du på nettsidene til fagetatane: www.ntp.dep.no


av Torkelsen, Jan H., publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden

Siste fra Samferdsel

  • Statens Vegvesen
    av jto, 05.12.18

    Statens vegvesen er klare til å sette i gang byggingen av Gartnerløkka-prosjektet i 2020

    Les mer
  • ÅPning Av Grovane P-anlegg 21.11.18
    av jto, 22.11.18

    Flott parkeringsanlegg ved Grovane stasjon åpnet

    Les mer
  • Gartnerløkka
    av jto, 21.11.18

    Fylkeskommunens samferdselspolitikere anbefaler videreføring av bompengeinnkreving til Gartnerløkkeprosjektet

    Les mer