Kunnskapsdepartementet har fordelt 242 millionar kronar til bygging av 1039 nye studentbustader for 2012. Sida 2005 har regjeringa totalt løyvt midlar til bygginga av 6318 studentbustader. - Tilgang på rimelege bustader er viktig for studentane sin økonomi, seier statsråd for forsking og høgare utdanning Tora Aasland. I årets fordeling blir om lag to tredeler av studentbustadtilskota gitt til pressområda. Dette er gjort fordi det er eit særleg behov for studentbustader i dei store byane. Samtidig er det framleis behov for fleire studentbustader i heile landet. Ved løyvinga er det også lagt vekt på talet internasjonale studentar og bustadmarknaden rundt studiestaden.

av Torkelsen, Jan H., publisert 10. februar 2012 | Skriv ut siden