NCE (Norwegian Centre of Expertise) NODE fekk i går sertifiseringa Gold Label under European Cluster Conference i Wien. NCE NODE er den fyrste blant 200 europeiske næringsklyngjer som no har fått den gjevaste sertifiseringa. Det er EU, gjennom European Secretariat for Cluster Analysis, som står bak utmerkinga. - Eg er mektig stolt over NCE NODE som i dag har fått Gold Label. Eg veit dei jobbar hardt, men får og stadig betre resultat i ein tøff internasjonal marknad, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Utmerkinga vitnar om Sørlandet sin posisjon innan olje og gass internasjonalt. Her jobbar ein godt i lag om nyskaping!

NCE-programmet er eit nasjonalt klyngjeprogram som gjennomførast i samarbeid mellom Innovasjon Norge, SIVA og Norges forskningsråd. NCE NODE er ei av 12 klyngjer i programmet, og består av olje- og gassbedrifter og kunnskapsmiljø på Sørlandet.

av Torkelsen, Jan H., publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden