Ny utgreiing dokumenterer stor samfunnsnytte av at alle har tilgang på tilstrekkeleg breibandskapasitet. Breiband skal vera eit gode på line med annan infrastruktur som veg og straumnett. - Rapporten slår fast at breiband er like naudsynt infrastruktur som veg, vatn og straum, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Det er difor avgjerande å sikre at alle får godt nok breiband til å ta del i samfunnsutviklinga. Dette er viktig i den moderne distriktspolitikken. Rapporten peikar på det gode arbeide i Agder som eit døme på eit godt samarbeid mellom fylkeskommunane og kommunane.

Vista Analyse har på oppdrag for Kommunal- og regionaldepartementet sett på den samfunnsøkonomiske nytta av å byggje ut høgkapasitetssbreiband i område der marknaden ikkje i utgangspunktet gjev tilbod om dette.

Utgreiinga syner høg nytte av breiband med stor nok kapasitet til at hushaldningane kan gjere sine daglege nettbaserte sysler. Nytta av høghastighetsbreiband er enno er låg fordi få etterspør kapasitet frå 20 Mbit/s og oppover. Med dagens bruk er om lag 4 Mbit/s naudsynt. Det tilseier at om lag 300.000 innbyggjarar bur i område utan tilstrekkelig kapasitet.

Rapporten syner at breiband er eit fellesgode, der ikkje alle investeringar i breiband som er samfunnsøkonomisk lønnsam kan bli realiserte utan tilskot. Lønsemda kan bli høgare ved utvikling av tenester og meir aktivt bruk av eksisterande kapasitet.

Vista Analyse peikar på at ei rask utvikling av teknologi og tilbod gjer det vanskeleg å berekne gevinstane av framtidige tenester.

I utgreiinga syner Vista Analyse elles fleire gode døme på kostnadseffektive utbyggingar. Prosjekta til Det Digitale Agder er eit godt døme på korleis samarbeid mellom kommunar og fylkeskommunar om innkjøp har gitt høghastighetsbreiband til alle kommunesentra til låge priser. Vista Analyse peiker også på manglande samhandling mellom ulike offentlege verksemder. Det har resultert i for dårleg utnytting av ressursar. Det bør offentlege styresmakter både lokalt og sentralt vurdere å gjere noko med det.

God tilgang på breiband i alle delar av landet er viktig for at regjeringa skal nå sitt mål om at folk skal kunne busetje seg der dei sjølve ønskjer. Regjeringa har satsa på å stimulere til utbygging, særleg i område der det ikkje er kommersielt lønsamt å byggje ut. Regjeringa har sidan 2006 løyvd over ein milliard kroner til breibandsformål over heile landet.

Samfunnsøkonomisk nytte og lønnsomhet av høyhastighetsbredbånd i distriktene Rapport 2012-11 (pdf)

av Torkelsen, Jan H., publisert 2. mai 2012 | Skriv ut siden