Om lag halvparten av dei regionale utviklingsmidlane i Vest-Agder i 2011 gjekk til næringsutvikling. Resten av midlane var ganske likt fordelte på stadutvikling og profilering, samt infrastruktur.  Dette går fram av rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2011, som departementet omtaler i ei presselelding.. I Vest-Agder blei det fordelt om lag 43 millionar kroner til dette føremålet. - Regjeringa har gitt fylkeskommunane eit heilskapleg ansvar for regional utvikling. Me ser at Vest-Agder fylkeskommune tenker breitt og vel å bruke dei regionale utviklingsmidlane både på næringsutvikling, stadutvikling og infrastruktur. Det blir spanande å følgje resultata av denne breie satsinga, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner til regional utvikling i 2011. Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.

Bruken av midlane i Vest-Agder fylkeskommune tok utgangspunkt i Regionplan Agder 2020, som er felles for begge Agder-fylka, og i dei årlege regionale tviklingsprogramma for Agder generelt og Aust-Agder spesielt.

Sjå elles:
Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørarIllustrasjonar (Flickr)Vest-Agder fylkeskommune


av Torkelsen, Jan H., publisert 25. september 2012 | Skriv ut siden