Lokale og regionale parkar over heile landet får no midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet til å satse på bærekraftig bruk av natur- og kulturverdiar i lokal bygdeutvikling. - Me har fått inn mange gode søknadar, og ”Verdiskapning og næringsutvikling i Magma Geopark”er eit av prosjekta som får støtte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.Vest-Agder fylkeskommune er medier i parken og yter årlege tilskudd til verksemda.

Magma Geopark er ein unik attraksjon basert på den spesielle geologien og naturen lengst sør i Rogaland og vest i Vest-Agder. Landskap, kultur og historie gjer dette området heilt spesielt i europeisk målestokk.

Prosjektet skal utvikle ein overordna strategi for verdiskaping basert på natur- og kulturressursane i parken, samle aktørane og prioritere aktivitetar i handlingsplanar. På grunnlag av dette skal det utarbeidast eit eittårig handlingsprogram, og eit meir langsiktig handlingsprogram.

Prosjektet "Verdiskaping og næringsutvikling i Magma Geopark" har som mål å utvikle samarbeidet mellom parken og lokalt næringsliv. Dette samarbeidet er enno på eit tidleg stadium, og har eit stort potensial for både verksemdene og geoparken.

Liv Signe Navarsete Statsråd SP- Den spanande geologien gjer dette prosjektet unikt. Eg gler meg difor til å sjå kva slags resultat de klarar å få til i dette viktige prosjektet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Me ynskjer at verdiskapingsprogrammet skal ha overføringsverdi for fleire, og legg også vekt på kommunikasjon og erfaringsutveksling. Dette gjeld både mellom parkar som er godt etablerte, men også for parkar som er under etablering. Me ynskjer at dei parkane som no får støtte kan utvikle seg til å bli ei kjelde til inspirasjon og kunnskap for andre som er interessert i park som modell for bygdeutvikling, seier Navarsete.

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 2. januar 2013 | Skriv ut siden