-Store delar av det mest globaliserte og eksportorienterte næringslivet finn vi i relativt små byregionar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Små og mellomstore byar er viktige for arbeidsmarknaden og næringsutviklinga i sine respektive omland. Kunnskapsbasert verdiskaping og velfungerande arbeidsmarknader legg grunnlaget for velferdssamfunnet for framtidige generasjonar. Kommunal- og regionaldepartementet har sett av 7,5 millionar kroner på budsjettet for 2013 til eit utviklingsprogram for å styrkje utviklingskrafta til slike byar.

Programmet skal utviklast i samarbeid med aktuelle byar, kommunar og fylkeskommunar, og verkemiddelaktørane. Første steg blir kunnskapsinnhenting om byane si rolle for næringsutviklinga og arbeidsmarknaden i omlandet, som grunnlag for tiltak og strategiar tilpassa den einskilde staden.

Slik vil departementet  bidra til ei positiv utvikling i samspelet mellom små og mellomstore byar og deira omland. Dette gjeld stader med mellom 5000 og 50 000 innbyggjarar, lokalisert i heile landet. Stadene er ulike, både når det gjeld storleik,  næringsstruktur, kompetansearbeidsplassar og innslag av utdanningsinstitusjonar.

- Eit mål for programmet er å knyte næringslivet i sentra og omlandet betre saman, slik at større deler av regionen kan ta del i dynamikken i næringslivet, seier statsråden.

av Torkelsen, Jan H., publisert 6. mars 2013 | Skriv ut siden