Regionale utfordringar og regionalt potensial krev regionale løysingar. Difor overfører regjeringa størsteparten av midlane til regional utvikling til fylkeskommunane. Det meste går til å skape nye arbeidsplassar og til omstillingstiltak. Saman med Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet må fylkeskommunane sørgje for betre regional skreddarsaum i innsatsen for bedrifter og entreprenørar, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

-Vi må leggje til rette for eit meir kunnskapsintensivt næringsliv. Regjeringa vil setje høgskular og andre utdanningsinstitusjonar betre i stand til å levere kompetent arbeidskraft tilpassa behovet til det regionale næringslivet. Målet er størst mogleg verdiskaping, seier Navarsete.

 

Ta heile Noreg i bruk

av Torkelsen, Jan H., publisert 5. mars 2013 | Skriv ut siden