Regjeringa gir i år 96,84 millionar kroner til fylkeskommunane. Det er satt av 2,16 millionar kroner til Vest-Agder. Regjeringa har som mål at 100 prosent av husstandane i Noreg dei næraste åra skal få eit tilbod om breibandsdekning av grunnleggjande god kvalitet. Regjeringa vil setje krav til ein dekningsgrad på minst 98 prosent ved tildeling av frekvensar for mobilt breiband, framgår det i ei pressemelding fra Kommunaldepartementet.

Tilgang til breiband med høg kapasitet er naudsynt i heile landet for at alle skal kunne ta del i samfunnsutviklinga og for å sikre vekst i næringslivet. Betre og raskare breiband er naudsynt for at bedrifter skal kunne etablere seg eller utvikle seg i alle deler av landetBreiband er god samfunnsøkonomi og heilt avgjerande for å møte framtidige behov innan skule, helse og næringsliv, og for å hindre digitale klasseskiljer. Utbygging av breiband er viktig for at folk skal kunne busetje seg der dei sjølve ønskjer, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

av Torkelsen, Jan H., publisert 8. april 2013 | Skriv ut siden