- Det er viktig at distrikts- og regionalpolitikken er skreddarsydd den einskilde region. Regionale utfordringar krev regionale løysingar. Det sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete på den årlege kontaktkonferansen mellom regjeringa og fylkeskommunane. Distrikts- og regionalpolitikken bidreg til ei balansert regional utvikling til det beste for heile landet. Navarsete trakk mellom anna fram at det er viktig å ha god tilgang på kompetansearbeidsplassar i heile landet.

Vidare la ho vekt på samferdsel som ein nøkkelfaktor for å sikre eksportnæringane i distrikta god og stabil transport til sine marknader.  Fylkeskommunane har ein sentral rolle for å sikre regionale løysingar tilpassa utfordringane i den enkelte region.

Bustadbygging

Folkevekst set den regionale planlegginga under press. Det må planleggjast for bustader, transport, arbeidsplassar, skular mv, samstundes som vi skal ta vare på matjorda, kulturminne, natur og gode friområde. Dette gir konfliktar og vanskelege avvegingar mellom ulike føremål. - Regjeringa ynskjer å stimulere til bustadbygging gjennom meir effektive plan- og byggesaksprosessar og tydelegare motsegnspraksis, understreka statsråd Navarsete.

Ulike tema og stort engasjement

Andre tema på kontaktkonferansen var folkehelse, utdanning, regional planlegging og de langsiktige økonomiske perspektivene. Det var stort engasjement og gode debattar. Kontaktkonferansen er eit svært viktig forum for dialog mellom regeringa og fylkeskommunaene, understreka Navarsete avslutningsvis.

Om regjeringens kontaktkonferanse med fylkeskommunane

Dette er ein årleg møtestad mellom regjeringa og fylkeskommunane. Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet har ansvaret anna kvar gong. I år hadde Miljøverndepartementet ansvaret for konferansen. Konferansen fann stad i Bergen. Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre, kunnskapsminister Kristin Halvorsen, miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og statssekretær i Finansdepartementet, Hilde Singsaas, deltok på konferansen frå regjeringa.

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 22. april 2013 | Skriv ut siden