Fristen for å sende inn søknader til årets bulystmidlar gjekk ut 8. mars. -Vi har fått inn totalt 129 søknadar til dei 35 millionane som er til disposisjon for bulyst i år. Søkarane er fordelt på 14 fylker og søker totalt om 173 millionar kroner. Me ser at det er stort engasjement om lokalt utviklingsarbeid, og dette er eit arbeid som eg meiner det er viktig å støtte opp om, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. I tida fram til 3. mai skal fylkeskommunane vurdere og prioritere alle søknadane i sine respektive fylke.

- Det er langt fleire søknadar i år enn i fjor. Det syner at bulyst framleis engasjerar og at det er stor trong for prosjektmidlar til gode utviklingsprosjekt i distrikta. Eg er spent på kva slags prosjekt som har søkt denne gongen, og kva prosjekt fylkeskommunane vil prioritere. Eg gler meg til å få deira råd i mai, seier Navarsete.

Hovudmålet med bulyst er at kommunar innafor det distriktspolitiske virkeområdet skal bli meir attraktive å bu i og flytte til. Departementet startar si sakshandsaming 6. mai. Kva prosjekt som når opp i årets bulystprosess vert klart i løpet av juni.

For meir informasjon, sjå www.regjeringen.no/bolyst og www.distriktssenteret.no.

av Torkelsen, Jan H., publisert 12. april 2013 | Skriv ut siden