Regjeringa føreslår i kommuneproposisjonen for 2014 at kommunane får mellom 6 og 6,5 milliardar kroner i reell vekst i inntektene neste år. Mellom 5 og 5,5 milliardar kjem som frie inntekter. Veksten i inntektene må mellom anna sjåast i samanheng med befolkningsutviklinga. Fleire innbyggjarar aukar behovet for kommunale tenester. Fylkeskommunane får ein milliard kroner av den varsla veksten i frie inntekter. Av dette er ein halv milliard kroner knytte til satsing på fornying og opprusting av fylkesvegane. Dette er ei opptrapping som vart varsla i Nasjonal Transportplan 2014-23.-Kvar krone bidreg til betre tenester for innbyggjarane, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

av Torkelsen, Jan H., publisert 7. mai 2013 | Skriv ut siden