Aasmund Nordstoga
Foto: Marcel Leliënhof

Foto: Marcel Leliënhof

I høve det nasjonale språkåret arrangerer Vest-Agder fylkeskommune, i samarbeid med Kilden teater- og konserthus, Nordsjøfestivalen i Farsund og Kvinesdal kommune, ei konsertrekke med Aasmund Nordstoga. Med seg har han Aasmund Reistad på gitar/mandola, Daniel Sandèn Warg på fele og John Vinge på piano/trøorgel.

"2013 er det nasjonale Språkåret som markerer 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Aasmund Olavsson Vinje  var den fyrste til å bruke Aasens landsmål til både lyrikk og sakprosa. Edvard Grieg tonesette mange av Vinjes dikt, og dei er kjende som Griegs fremste romansar. Min intensjon er å pakke dikta inn i viseformatet, slik at teksten kjem tydelegare fram enn i romansetradisjonen, og slik at Vinjes tekster på mange måtar framstår meir moderne. Konserten presenterer Vinje som lyrikar, samfunnsdebattant og humorist. Edvard Grieg tok Aasmund Olavsson Vinje ut til all verdas operahus. Min intensjon er å ta han heim att til Plassen." – Aasmund Nordstoga.

Konsertane er i 

  • Kristiansand: Onsdag 4. september kl. 19.00: Kilden teater- og konserthus, multisalen.  
  • Farsund: Torsdag 5. september kl. 20.00:  Eilert Sundt vidaregåande skule.   
  • Kvinesdal: Fredag 6. september kl. 20.00: Utsikten hotell.

Arrangørar: Vest-Agder fylkeskommune – kultur,  i samarbeid med Kilden teater- og konserthus, Nordsjøfestivalen i Farsund og Kvinesdal kommune. 

av kas, publisert 23. august 2013 | Skriv ut siden

Siste fra Kultur

  • Pengeseddelbunke
    av jto, 22.05.19

    Vel 6,5 spillemiddelmillioner til nærmiljøanlegg i Vest-Agder

    Les mer
  • Setesdalsbanen Sommeren 2019
    av jto, 15.05.19

    Sesongåpning på Setesdalsbanen

    Les mer
  • Bokbussgul
    av nist16, 13.05.19

    Bokåret 2019 - Turnéplan

    Les mer