Førebelse tal syner no at om lag 78 prosent brukte stemmeretten sin ved årets stortingsval, og dette er den høgaste valdeltakinga sidan 1997. Då var det 78,3 prosent som stemte. i Vest-Agder stemte 77,6 prosent av veljarane. - Eg er svært glad for at så mange har stemt i år. Høg valdeltaking viser at veljarane har vore engasjerte, og at dei vil vere med på å bestemme kven som skal representere dei på Stortinget, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det endelege talet for valdeltakinga vil ikkje vere tilgjengeleg før alle fylkeskommunane er ferdige med sine endelege valoppgjer. Men me ser allereie at det vil bli vesentleg høgare enn i 2009, då 76,4 prosent av veljarane stemte ved stortingsvalet.

Både departementet, organisasjonar og media har gjennomført ei rekkje tiltak for å gje valet merksemd. Dei unge og førstegongsveljarane har vore ei viktig målgruppe.

- Eg vil takke alle som har bidrege til å få ungdom til å delta ved valet, og spesielt vil eg peike på innsatsen media har gjort i år. Mange har lagt ned mykje ressursar på å engasjere ungdom. Om dette har verka, veit vi først rundt årsskiftet då statistikk frå Statistisk sentralbyrå og Institutt for samfunnsforsking vil liggje føre, seier statsråden.

I år har me også markert at det er 100 år sidan kvinner fekk full stemmerett på lik line med menn. - Eg håper jubileet har medverka til at fleire ser verdien av å kunne delta i eit av verdas beste demokrati, som vi har i Noreg, seier Navarsete.

av Torkelsen, Jan H., publisert 16. september 2013 | Skriv ut siden