Kulturdepartementet har bestemt at 361 kommunar får midlar frå Den kulturelle spaserstokken i år. Oversikten fra departementet viser at av Vest-Agders 15 kommunar er det 14 som får midlar. Berre Marnardal manglar på lista. - Den kulturelle spaserstokken er ei unik og populær ordning som har blitt ei vesentleg kjelde for å sikre eit profesjonelt kulturtilbod for eldre menneske. Den kulturelle spaserstokken stimulerer til samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren i kommunane slik at eldre får kulturtilbod i nærmiljøet, seier kulturminister Hadia Tajik.

Samla tilskot til kommunane frå Den kulturelle spaserstokken i 2013 utgjer 29,8 millionar kroner, med 14,9 millionar kroner over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett og 14,9 millionar kroner frå speleoverskotet til Norsk Tipping AS. Kommanene i Vest-Agder mottek samla 1 194 000 kroner.

Midlane til Den kulturelle spaserstokken blir delte ut etter søknad frå kommunane. Nokre kommunar får midlar til samarbeidsprosjekt som omfattar fleire kommunar. I alt vil 387 av dei totalt 428 kommunane i landet bli dekte av ordninga. Ingen av søkjarane får avslag, men der det manglar rapport vil tilskotet bli halde tilbake og i staden gå til fylkeskommunen.

Frå og med 2014 skal midlane fordelast via fylkeskommunane, basert på kvantitative kriterium etter modell av Den kulturelle skulesekken. Omlegginga inneber mellom anna at areal og talet på personar over 70 år får innverknad på den fylkesvise fordelinga.

Slik er fordelinga av midlane til kommane i Vest-Agder

Kristiansand 562 000 kr
Mandal 71 000 kr
Farsund 61 000 kr
Flekkefjord 81 000 kr
Vennesla 94 000 kr
Songdalen 50 000 kr
Søgne 58 000 kr
Åseral 17 000 kr
Audnedal 14 000 kr
Lindesnes 60 000 kr
Lyngdal 52 000 kr
Hægebostad 18 000 kr
Kvinesdal 37 000 kr
Sirdal 19 000 kr

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 11. oktober 2013 | Skriv ut siden

Siste fra Kultur

  • Bredalsholmen Dokk Og Fartøyvernsenter Sommeren 2006
    av jto, 06.03.19

    To kulturminneanlegg i Vest-Agder får midler fra Riksantikvarens bevaringsprogram

    Les mer
  • Setesdalsbanen -damplokomotiv
    av jto, 06.03.19

    Setesdalsbanen får økonomisk støtte til istandsetting av rasoverbygg

    Les mer
  • Sørlandets Litteraturpris Logo Small
    av Thorvald Hellum, 05.03.19

    Nominerte forfattere til Sørlandets Litteraturpris 2019

    Les mer