I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa å løyve 2,76 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte om lag 77 prosent av desse midlane. Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Vest-Agder fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 44,89 millionar kroner i 2014.

Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet.

Kommunal - Og Regionalminister Liv Signe Navarsete (SP)- Vi ser tendensar til ei ny todeling av Noreg. Tidlegare gjekk det eit økonomisk skilje mellom nord og sør. No veks det fram større skilnader mellom kyst og innland, og småsamfunn både i sør og nord har store utfordringar. Dette gjer det naudsynt å endre fordelinga av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla slik at den betre speglar det enkelte fylke sine utfordringar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Av løyvinga til Vest-Agder er 6,69 millionar kroner sette av til kommunale eller regionale næringsfond. Midlane skal setje næringssvake kommunar eller regionar betre i stand til å støtte opp om lokal næringsutvikling.

Etter årsskiftet vil fylket òg få kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift. I 2013 var kompensasjonsmidlane i Vest-Agder på 5,9 millionar kroner.

                                                                                                                              

av Torkelsen, Jan H., publisert 14. oktober 2013 | Skriv ut siden