Regjeringa følgjer i sitt forslag til statsbudsjett opp stortingsmeldinga «På rett vei» med totalt 156 millionar kroner til å heve kvaliteten i yrkesopplæringa og auke gjennomføringa i den vidaregåande skolen. Regjeringa løyver 106 millionar kroner til å utvide retten til vidaregåande opplæring med eitt år. Elevar som har fått fagbrevet sitt, vil få rett til eit påbyggingsår på vidaregåande skole dersom dei ønskjer studiekompetanse. Elevane får dermed ein garanti for at det å gå ut i lære og fullføre fagutdanninga ikkje er noko hinder for å ta utdanning seinare. Regjeringa løyver òg 25 millionar kroner til nye tiltak som skal hindre fråfall mellom det andre og tredje året i vidaregåande opplæring.

Regjeringa foreslår vidare å bruke 32 millionar kroner til å styrkje utstyrsstipendet i vidaregåande opplæring. Dette gjer ein for å sikre at stipendet skal dekkje det reelle behovet til elevane. Det betyr at nesten 40 000 elevar vil få rett til meir i stipend til utstyr enn dei gjer i dag.

25 millionar kroner skal brukast til utvida samarbeid mellom skolar og bedrifter. Det skal gi ei meir yrkesretta og motiverande opplæring og leggje til rette for at fleire elevar kan veksle mellom opplæring i skole og bedrift. I tillegg gir det ufaglærte høve til å oppnå fag- eller sveinebrev på arbeidsplassen.

Departementet vil vidareføre satsinga på ungdomstrinnet gjennom Ungdomstrinn i utvikling 2012–2017. Departementet tek sikte på å setje av 145 millionar kroner til denne satsinga. Det omfattar mellom anna skolebasert kompetanseutvikling for lærarar i klasseleiing, lesing, skriving og rekning. Departementet legg opp til at 300 skolar skal starte opp hausten 2014. Målet er at alle skolar med ungdomstrinn skal delta i løpet av strategiperioden.

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 15. oktober 2013 | Skriv ut siden