Vest-Lista

Den nasjonale nettverkssamlinga for utvalte kulturlandskap i Norge blir arrangert på Nordberg fort i Farsund kommune tysdag 26. til torsdag 28. august.

Det er Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Landbruksdirektoratet som er arrangør av samlinga i tett samarbeid med Farsund kommune, Vest-Agder Fylkeskommune og Fylkesmannen i Vest-Agder.

På onsdagen er det m.a. opning av arrangementet v/ ordfører Richard Ivar Buch og Fylkesmann Ann Kristin Olsen og  helsing frå statssekretær Lars Andreas Lunde, Klima- og miljødepartementet og statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal, Landbruks- og matdepartementet.

Vest-Lista er eit av 22 utvalte kulturlandskap i Norge som Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet har valt ut som spesielt verdifulle kulturlandskap og som har fått ei særskilt forvaltning.

Dei utvalte kulturlandskapa er valt ut fordi dei har svært store biologiske og kulturhistoriske verdiar, har stor formidlingsverdi og har aktivt landbruk der skjøtsel og vedlikehald av kulturlandskapet inngår. Områda er vidare  representative for Norge med omsyn til landskapstypar, driftstilpassingar og geografisk spreiing.

Målgruppa for samlinga er grunneigarar/ drivarar, organisasjonar, kommunar, og forvaltning til desse områda, og formålet med samlinga er å utveksle erfaringar og diskutere det vidare arbeidet for alle utvalte kulturlandskapa. Vi reknar med at det vil bli ca. 120 deltarar frå heile landet.

 

av Willumsen, Yvonne Fernmar, publisert 4. august 2014 | Skriv ut siden