– Regjeringa vil leggje til rette for at fleire vel toget i dei store byområda. Vi føreslår difor å styrkje togtilbodet i 2015, mellom anna ved å auke frekvensen på fleire strekningar. Slik kan fleire pendlarar reise kollektivt inn og ut av dei største byane. Folk langs Sørlandsbanen kan sjå fram til eit betre togtilbod i 2015, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Det er lagt opp til tilnærma totimars frekvens på avgangane mellom Oslo og Stavanger. Dette betyr ein auke frå fire til sju gjennomgåande togavgangar mellom Oslo og Stavanger i kvar retning, og ein auke frå fem til åtte avgangar mellom Oslo og Kristiansand. Nattogtilbodet med sovevogner skal halde fram.

Regjeringa føreslår nær 3,2 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransport med tog i 2015. Auken kjem mellom anna som følgje av fleire tilbodsforbetringar for dei reisande, og at NSB får mogligheit til å tinge og setje i trafikk fleire nye togsett.

av Torkelsen, Jan H., publisert 9. oktober 2014 | Skriv ut siden