- Vi har fått meir enn forventa ut av fellesstillinga av planarbeidet, seier ordførarane i kommunane Åseral, Audnedal og Hægebostad i Vest-Agder. Samarbeidet har styrka kommunane sin kompetanse, og ført til auka utviklingskapasitet innan samfunnsplanlegging. Felles planressurs-prosjektet i Vest-Agder er ein del av LUK-programmet (lokal samfunnsutvikling i kommunane) som er i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det har hatt som mål å styrke fylkeskommunane si rolle som aktiv rådgjevar og støttespelar for kommunar med utviklingsbehov. Det nasjonale programmet er nå i inne avslutningsfasen. Prosjektet i Vest-Agder trekkes frem som et vellykket eksempel på god satsing. ( Bilde: prosjektleiar Kari Røynlid)

Meirverdien av å ha ein felles planressurs

Sidan august 2012 har Åseral, Audnedal og Hægebostad kommune samarbeida om planarbeidet. Både i administrasjonen og politisk leiing i kommunane, er det brei semje om at denne forma for samarbeid har fungert svært godt. Prosjektet er godt forankra, prosjektleiinga er dyktig med høg kompetanse og har vore sjølvgåande frå første dag.

For både Audnedal og Hægebostad som har mangla kompetansen på området, har det gitt ein stor meirverdi å få styrka kompetansen på medarbeidarane i eigen organisasjon. Dette er gjort på ein god måte: prosjektleiaren og folk frå administrasjonen har jobba i fellesskap både med kommuneplanar og sentrumsplanar i tillegg til vanlege plansaker. Kunnskapen er blitt delt innover i kommuneorganisasjonen. På den måten har ein styrka utviklingskompetansen i eigen organisasjon.

I tillegg har prosjektleiaren også prosesskompetanse. Det har igjen ført til gode medverknadsprosessar utanfor kommunehuset til ulike grupper i befolkninga, når til dømes samfunnsdelen i ein kommuneplan er gjennomført.

Eit prosjekt å lære av

Felles planressurs-prosjektet i Vest-Agder kan overførast til mange kommunar som arbeider med samarbeid på tvers rundt om i landet. Dei involverte i prosjektet trekk fram viktige ingerdiensar i suksess-oppskrifta: lite byråkratisk, stor rausheit mellom kommunane og ikkje minst ein stor grad av tillit i det nettverket som er rundt stillinga.

Prosjektet pågår til nå i desember, og ein vil allereie i nær framtid sjå på korleis ein kan få til nye prosjekt i denne regionen på tvers av kommunane. Nye prosjekt vil då vera det same som ein allereie har oppnådd så langt i dette prosjektet – å styrka utviklingskapasiteten på lokal samfunnsutvikling i dei tre kommunane på Agder

LUK-prosjekt i samarbeid mellom fylkeskommune og kommunar

Prosjektarbeidet kom i gang hausten 2012 etter ein prosess der alle kommunestyra hadde gitt grønt lys for å ha ein felles stilling på planfagområdet. Vest-Agder fylkeskommune har arbeidsgivaransvaret for stillinga, medan det operasjonelle ansvaret for arbeidet er lagt til dei aktuelle kommunane. Dette har fungert svært godt seier Kristin Syvertsen som er seksjonsleiar for plan og miljø i Vest Agder fylkeskommune. Ho leier styringsgruppa for prosjektet, og har med seg etatsleiarar frå dei tre kommunane i styret.

av Torkelsen, Jan H., publisert 11. desember 2014 | Skriv ut siden

Siste fra Plan og miljø

  • Lindesnes Kommune Arealdel
    av jto, 17.06.19

    Anbefaler Lindesnes kommune å stille arbeidet med kommuneplanens arealdel i bero

    Les mer
  • Frimområde Skilt
    av jto, 14.06.19

    Vil ha økt ressurs til nye oppgaver knyttet til friluftsliv

    Les mer
  • Fra Fyr Til Fyr
    av jto, 12.06.19

    Mange opplevelsesmuligheter på Lista søndag 16. juni

    Les mer